1 Son min, gjev akt på min visdom,vend øyret til mi innsikt,
2 så du tek vare på omtankeog leppene held på kunnskap.
3 Honning dryp frå leppene til ei framand kvinne,sleipare enn olje er munnen hennar.
4 Men ettersmaken blir beisk som malurt,kvass som eit tvieggja sverd.
5 Føtene hennar stig ned i døden,beint til dødsriket går hennar steg.
6 Ho banar seg ikkje ein veg som gjev liv,ho vinglar vegvill, men veit det ikkje.
7 Og no, høyr på meg, mine søner,vik ikkje av frå dei orda eg talar!
8 Lat vegen din vera langt frå henne,kom ikkje nær til hennar dør!
9 Elles må du gje di kraft til andre,dine år til ein nådelaus herre.
10 Andre får metta seg av det du eig,det du vann med ditt strev, går til framand manns hus.
11 Så må du stønna når slutten kjem,når din kropp og ditt kjøt tærest bort
12 og du må seia: «Korleis kunne eg hata formaningog hjartet mitt forakta ord som viste til rette!
13 Eg høyrde ikkje på dei som rettleidde meg,og lytta ikkje til lærarane mine.
14 Det var nesten gått meg ille,og det framfor heile forsamlinga!»
15 Drikk vatn av din eigen brønn,det som flyt frå di eiga kjelde!
16 Skulle kjeldene dine renna utsom rennande vatn på torga?
17 Dei skal vera berre for degog ikkje delast med framande.
18 Velsigna vere di eiga kjelde!Gled deg over din ungdoms kvinne,
19 ei lysten hind, ei smidig fjellgeit.Drikk deg alltid utørst ved hennar bryst,lat hennar kjærleik stadig gjera deg ør!
20 Kvifor, min son, bli ør av ei anna kvinne,kvifor ta framand kvinne i famn?
21 For Herrens auge ser kvar mannen går,og gjer alle hans stigar jamne.
22 Den urettferdige blir fanga av si eiga skuld,syndene held han fast som reip.
23 Han døyr fordi han ikkje lét seg formana,i sin store dumskap fer han vill.