Ordtaka 23 N11NN

1 Når du sit til bords med ein herskar,tenk vel over kven du har framfor deg,

2 og set ein kniv på strupenom matlysta blir for stor.

3 Ha ikkje lyst på dei lekre rettene hans,for det er svikefull kost.

4 Slit deg ikkje ut for å bli rik!Hald opp med det, forstandig som du er.

5 Når du ser etter rikdomen, er han borte;brått får han vengerog flyg mot himmelen som ei ørn.

6 Et ikkje mat hos ein som er gjerrig,ha ikkje lyst på dei lekre rettene hans!

7 For han er slik han tenkjer inst inne.Han seier nok til deg: «Et og drikk»,men hjartet hans er ikkje med deg.

8 Den biten du har ete, må du kasta opp att,dine venlege ord er bortkasta.

9 Snakk ikkje til ein dåre,han foraktar dine kloke ord.

10 Flytt ikkje gamle grensesteinar,gå ikkje inn på farlauses grunn!

11 For dei har ein sterk løysingsmann,og han skal føra saka dei har mot deg.

12 Opna hjartet ditt for formaningog øyret for forstandige ord!

13 Lat ikkje guten vera utan formaning!Gjev du han ris, skal han ikkje døy.

14 Når du slår han med riset,bergar du han frå dødsriket.

15 Son min, har du visdom i hjartet,blir det òg glede i hjartet mitt.

16 Nyrene mine jublarnår leppene dine seier det som er rett.

17 Ditt hjarte skal ikkje misunna syndarar,men alltid med iver frykta Herren!

18 Då har du ei framtid,ditt håp er ikkje ute.

19 Høyr no, son min, og bli vis,styr hjartet inn på rette vegar!

20 Ver ikkje blant dei som drikk seg fulle på vinog fråtsar i kjøt.

21 For drankaren og fråtsaren blir fattige,den søvndrukne blir kledd i filler.

22 Høyr på far din, som gav deg livet,sjå ikkje ned på di gamle mor!

23 Kjøp deg sanning og sel henne ikkje,kjøp visdom, formaning og innsikt!

24 Ein far jublar høgt over ein rettferdig son,den som får ein vis son, blir glad.

25 Ver til glede for far din og mor di,lat henne som fødde deg, jubla.

26 Son min, gjev meg ditt hjarte,lat auga sjå med glede på mine vegar!

27 Ei hore er ei djup grav,ei framand kvinne er ein trong brønn.

28 Ja, ho ligg på lur som ein røvarog aukar talet på trulause menn.

29 Kven ropar akk, kven ropar ve,kven må krangla, og kven må klaga?Kven har utan grunn fått sår,og kven har sløve auge?

30 Jau, dei som sit lenge oppe over vinen,dei som kjem for å smaka på kryddervinen.

31 Sjå ikkje på vinen, kor raud han er,kor fint han blenkjer i kruset,og kor lett han renn ned.

32 Til sist bit han som ein slange,han høgg som ein orm.

33 Då ser auga dine underlege ting,og hjartet snakkar tull og tøv.

34 Det er som var du midt ute på havetog sov høgt oppe i riggen.

35 «Dei slo meg, men det gjorde ikkje vondt.Dei banka meg, men eg kjende det ikkje.Når skal eg vakna?Eg vil ha meir å drikka!»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31