1 Ordtak frå Salomo.Ein klok son er til glede for far sin,men ein tåpeleg son er mor si til sorg.
2 Skattar vunne med urett er til inga nytte,men rettferd bergar frå døden.
3 Herren lèt ikkje den rettferdige svelta,men seier nei når dei urettferdige krev.
4 Lat hand gjer fattig,men flittige hender gjer rik.
5 Den forstandige samlar medan det er sommar,skam får den som søv når det er tid for å hausta.
6 Over hovudet på den rettferdige kjem velsigning,men munnen til urettferdige løyner vald.