11 Den rettferdiges munn er ei kjelde til liv,men munnen til urettferdige løyner vald.
12 Hat vekkjer strid,men kjærleik løyner alle synder.
13 På leppene til den kloke er visdom å finna,men stokken skal råka ryggen til den vitlause.
14 Dei vise samlar på kunnskap;når den dumme talar, er ulukka nær.
15 Rikmanns gods er hans faste borg,fattigdom er til ulukke for småkårsfolk.
16 Løna til den rettferdige gjev liv,det den urettferdige tener, fører til synd.
17 Å akta på formaninga er ein veg til liv,å forakta tilrettevising fører vill.