15 Rikmanns gods er hans faste borg,fattigdom er til ulukke for småkårsfolk.
16 Løna til den rettferdige gjev liv,det den urettferdige tener, fører til synd.
17 Å akta på formaninga er ein veg til liv,å forakta tilrettevising fører vill.
18 Den som løyner hat, har lygande lepper,ein dåre er den som fer med slarv.
19 Der det er mange ord, er det ingen mangel på synd,forstandig er den som tøymer tunga.
20 Den rettferdiges tunge er som utsøkt sølv,hjartet til dei urettferdige er lite verdt.
21 Den rettferdiges lepper rettleier mange,dumme døyr, for dei har ikkje vit.