19 Der det er mange ord, er det ingen mangel på synd,forstandig er den som tøymer tunga.
20 Den rettferdiges tunge er som utsøkt sølv,hjartet til dei urettferdige er lite verdt.
21 Den rettferdiges lepper rettleier mange,dumme døyr, for dei har ikkje vit.
22 Det er Herrens velsigning som gjer rik,eige strev legg ingenting til.
23 Skamlaus gjerning er til lyst for dåren,visdom er til lyst for den vituge.
24 Det den urettferdige er redd for, kjem over han,men dei rettferdige får det dei lengtar etter.
25 Når stormen fer forbi, blir den urettferdige borte,men den rettferdige har ein grunnvoll som varer.