2 Skattar vunne med urett er til inga nytte,men rettferd bergar frå døden.
3 Herren lèt ikkje den rettferdige svelta,men seier nei når dei urettferdige krev.
4 Lat hand gjer fattig,men flittige hender gjer rik.
5 Den forstandige samlar medan det er sommar,skam får den som søv når det er tid for å hausta.
6 Over hovudet på den rettferdige kjem velsigning,men munnen til urettferdige løyner vald.
7 Minnet om den rettferdige blir til velsigning,men ryktet til urettferdige rotnar bort.
8 Den som er vis i hjartet, tek boda til seg,men den som har dumskap på leppene, går til grunne.