23 Skamlaus gjerning er til lyst for dåren,visdom er til lyst for den vituge.
24 Det den urettferdige er redd for, kjem over han,men dei rettferdige får det dei lengtar etter.
25 Når stormen fer forbi, blir den urettferdige borte,men den rettferdige har ein grunnvoll som varer.
26 Som eddik for tennene og røyk for augaer den late for den som set han i arbeid.
27 Å frykta Herren forlengjer livet,men dei urettferdige får færre år.
28 Dei rettferdige har glede i vente,men det dei urettferdige har som håp, blir borte.
29 Herrens veg er eit vern for den som er heil i si ferd,men til ulukke for dei som gjer urett.