21 Når tida er inne, blir den vonde straffa,men ætta til dei rettferdige går fri.
22 Ei vakker kvinne utan viter som ein gullring i eit grisetryne.
23 Dei rettferdige lengtar berre etter det gode,dei urettferdige har vreide i vente.
24 Éin strør ut og får likevel meir,ein annan er gjerrig og endar i fattigdom.
25 Den gåvmilde får gode dagar,den som auser ut til andre, får rikeleg tilbake.
26 Den som held på kornet sitt, blir forbanna av folket;velsigning får den som vil selja.
27 Den som legg vinn på det gode, søkjer det som er til glede.Den som strevar etter det vonde, får det over seg sjølv.