12 Den urettferdige vil setja vonde snarer,rota til dei rettferdige skal stå fast.
13 Svikefulle lepper blir ei felle for den vonde,den rettferdige slepp ut or nauda.
14 Kvar og ein nyt godt av det munnen ber fram,eit menneske får att for det som det har gjort.
15 Den dumme held sin veg for å vera den rette,vis er den som høyrer på råd.
16 Den dumme viser det straks når han er sint,klok er den som teier når han blir krenkt.
17 Den som vitnar sant, talar rett,falske vitne fer med svik.
18 Tankelaus tale stikk som sverd,men vismenn har lækjedom på tunga.