15 Den dumme held sin veg for å vera den rette,vis er den som høyrer på råd.
16 Den dumme viser det straks når han er sint,klok er den som teier når han blir krenkt.
17 Den som vitnar sant, talar rett,falske vitne fer med svik.
18 Tankelaus tale stikk som sverd,men vismenn har lækjedom på tunga.
19 Lepper som talar sant, står seg for alltid,ei tunge som lyg, berre ei lita stund.
20 Dei som tenkjer ut vondt, har svik i hjartet,glede får dei som rår til fred.
21 Ikkje noko vondt skal ramma den rettferdige,dei urettferdige får ulukke i fullt mål.