21 Ikkje noko vondt skal ramma den rettferdige,dei urettferdige får ulukke i fullt mål.
22 Herren avskyr lygande lepper,men gler seg over dei som viser truskap.
23 Den kløktige skjuler sin kunnskap,dårane ropar dumskapen ut.
24 Flittig hand får herska,latskap leier til slavekår.
25 Uro i hjartet tyngjer mannen,eit godt ord gjer han glad.
26 Den rettferdige slepp unna det vonde,men vegen dei urettferdige går, fører vill.
27 Den late får ikkje steikt sin mat,den flittige får rike skattar.