3 Med urett kan ingen stå støtt,rota til dei rettferdige kan ingen rikka.
4 Dugande kvinne er ei krone for mannen,duglaus kone er som verk i knoklane.
5 Dei rettferdige tenkjer på det som er rett,dei urettferdige legg svikefulle planar.
6 Dei urettferdige talar og ligg på lur etter blod,tunga bergar dei rettskafne.
7 Dei urettferdige blir kasta i koll og kjem bort,husa til dei rettferdige står.
8 Ein mann får ros etter sitt vit,den som tenkjer vrangt, blir forakta.
9 Betre å vera lite vørd og ha ein tenarenn å spela storkar og mangla mat.