8 Ein mann får ros etter sitt vit,den som tenkjer vrangt, blir forakta.
9 Betre å vera lite vørd og ha ein tenarenn å spela storkar og mangla mat.
10 Den rettferdige har omsorg for buskapen sin,dei urettferdige er utan hjartelag.
11 Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett,vitlaus er den som jagar etter fåfengde ting.
12 Den urettferdige vil setja vonde snarer,rota til dei rettferdige skal stå fast.
13 Svikefulle lepper blir ei felle for den vonde,den rettferdige slepp ut or nauda.
14 Kvar og ein nyt godt av det munnen ber fram,eit menneske får att for det som det har gjort.