17 Ein upåliteleg bodberar fell i ulukke,eit trufast sendebod kjem med lækjedom.
18 Fattigdom og skam får den som ikkje tek imot formaning.Den som lèt seg visa til rette, får ære.
19 Eit oppfylt ønske gjer sjela godt,dårar avskyr å venda seg bort frå det vonde.
20 Den som ferdast med dei vise, blir vis,men den som held lag med dårar, går det ille.
21 Ulukke forfølgjer syndarar,dei rettferdige får det gode til løn.
22 Den gode lèt etter seg arv til barneborn,det syndaren eig, blir spart til den rettferdige.
23 Fattigfolks nybrot gjev rikeleg føde,men alt går tapt når uretten rår.