19 Eit oppfylt ønske gjer sjela godt,dårar avskyr å venda seg bort frå det vonde.
20 Den som ferdast med dei vise, blir vis,men den som held lag med dårar, går det ille.
21 Ulukke forfølgjer syndarar,dei rettferdige får det gode til løn.
22 Den gode lèt etter seg arv til barneborn,det syndaren eig, blir spart til den rettferdige.
23 Fattigfolks nybrot gjev rikeleg føde,men alt går tapt når uretten rår.
24 Den som sparer på riset, hatar son sin,den som elskar, formanar han seint og tidleg.
25 Den rettferdige får eta seg mett,men urettferdige må gå med magen tom.