3 Den som aktar sine lepper, tek vare på livet,den som er stor i munnen, skader seg sjølv.
4 Den late får ikkje det han trår etter,men flittige får i overflod.
5 Den rettferdige hatar usann tale,den urettferdige handlar skammeleg og frekt.
6 Rettferd vernar den som er heil i si ferd,men urett fører ein syndar til fall.
7 Éin spelar rik, men har ingen ting,ein annan ter seg fattig, men eig mykje.
8 Somme kan kjøpa seg fri med rikdom,men den fattige blir ikkje utsett for trugsmål.
9 Lyset til dei rettferdige skin klårt,men lampa til dei urettferdige sloknar.