5 Den rettferdige hatar usann tale,den urettferdige handlar skammeleg og frekt.
6 Rettferd vernar den som er heil i si ferd,men urett fører ein syndar til fall.
7 Éin spelar rik, men har ingen ting,ein annan ter seg fattig, men eig mykje.
8 Somme kan kjøpa seg fri med rikdom,men den fattige blir ikkje utsett for trugsmål.
9 Lyset til dei rettferdige skin klårt,men lampa til dei urettferdige sloknar.
10 Hovmod fører berre til trette,vise er dei som tek imot råd.
11 Lettvunnen rikdom minkar snart,den som samlar jamt og trutt, får mykje.