1 Den vise kvinna byggjer huset,den dumme riv det ned med eigne hender.
2 Den som går rett fram, fryktar Herren,den som går krokvegar, foraktar han.
3 I den dummes munn skyt hovmod fram,men for dei vise er leppene eit vern.
4 Utan oksar er krubba tom,men med sterke stutar følgjer stor avling.
5 Eit ærleg vitne lyg ikkje,men falske vitne fer med løgn.
6 Ein spottar søkjer visdom, men finn han ikkje,for den som er klok, er det lett å få kunnskap.