10 Hjartet kjenner si eiga sorg,ingen framand er med det i gleda.
11 Dei urettferdige får huset lagt øyde,men det blømer i teltet til dei rettskafne.
12 Ein veg som synest vera den rette,kan likevel enda i døden.
13 Jamvel når ein ler, kan hjartet lidaog gleda enda med sorg.
14 Den trulause blir mett av si eiga ferdog den gode av sine gjerningar.
15 Den truskuldige trur alt som blir sagt,den kløktige gjev akt på sine steg.
16 Den vise fryktar det vonde og vender seg bort frå det,dåren er overmodig og sjølvsikker.