17 Den som er bråsint, gjer dumme ting,den som legg vonde planar, blir hata.
18 Dei truskuldige arvar dårskap,dei kløktige blir krona med kunnskap.
19 Dei vonde må bøya seg for dei godeog dei urettferdige ved portane til dei rettferdige.
20 Jamvel av sin neste blir den fattige hata,mange er dei som elskar den rike.
21 Synd gjer den som foraktar sin neste,sæl er den som viser medynk med dei fattige.
22 Dei som tenkjer ut vondt, fer alltid vill,dei som har godt i tankar, møter miskunn og truskap.
23 Alt strev fører vinning med seg,tomt snakk gjev berre tap.