21 Synd gjer den som foraktar sin neste,sæl er den som viser medynk med dei fattige.
22 Dei som tenkjer ut vondt, fer alltid vill,dei som har godt i tankar, møter miskunn og truskap.
23 Alt strev fører vinning med seg,tomt snakk gjev berre tap.
24 Rikdom kronar dei vise,dårars dårskap er og blir dårskap.
25 Eit ærleg vitne bergar liv,den som fer med løgn, er ein svikar.
26 Å frykta Herren er eit trygt vern,der kan borna òg søkja tilflukt.
27 Å frykta Herren er ei kjelde til livslik at ein vender seg bort frå dødens snarer.