26 Å frykta Herren er eit trygt vern,der kan borna òg søkja tilflukt.
27 Å frykta Herren er ei kjelde til livslik at ein vender seg bort frå dødens snarer.
28 Å ha mykje folk er til heider for kongen,mangel på folk gjer at fyrsten fell.
29 Den som er sein til vreide, har stor innsikt,den bråsinte viser kor dum han er.
30 Eit friskt hjarte gjev kroppen liv,sjalusi er som verk i knoklane.
31 Den som undertrykkjer den svake, håner hans skapar,den som hjelper den fattige, ærar Gud.
32 Den urettferdige fell for sin eigen vondskap,jamvel i døden finn den rettferdige tilflukt.