1 Eit mildt svar døyver sinne,sårande ord vekkjer harme.
2 Vises tunge gjev god kunnskap,men dårskap strøymer frå dårars munn.
3 Herrens auge er alle stader,dei vaker over vonde og gode.
4 Ei lækjande tunge er eit livsens tre,ei falsk tunge knuser livsmotet.
5 Den dumme foraktar formaning frå far sin,klok er den som lèt seg visa til rette.
6 Den rettferdiges hus rommar stor rikdom;det den urettferdige vinn, fører til ulukke.