11 Dødsrike og avgrunn ligg opne for Herren,kor mykje meir då menneskehjartet.
12 Spottaren mislikar å bli vist til rette,han går ikkje til dei vise.
13 Glede i hjartet gjer andletet venleg,sorg i hjartet gjer motlaus.
14 Eit klokt hjarte søkjer kunnskap,men dårens munn lever av dårskap.
15 For ein fattig er alle dagar vonde,den fornøgde gjer kvar dag til ein fest.
16 Betre å ha lite og frykta Herrenenn å ha stor rikdom med uro attåt.
17 Betre er ein grønsakrett med kjærleikenn oksesteik med hat attåt.