21 Den vitlause har glede av dårskap,den forstandige held rett kurs.
22 Utan rådlegging mislukkast planane,når mange gjev råd, skal dei lukkast.
23 Glad blir den som kan gje svar.Kor godt med eit ord i rette tid!
24 For den forstandige fører livsvegen oppover,slik slepp han unna dødsriket der nede.
25 Herren riv huset ned for dei hovmodige,men for enkjer lèt han grensesteinen stå.
26 Herren avskyr tankane til den vonde,men venlege ord er reine.
27 Den som jaktar på vinning, set huset over styr,den som nektar å la seg kjøpa, skal leva.