26 Herren avskyr tankane til den vonde,men venlege ord er reine.
27 Den som jaktar på vinning, set huset over styr,den som nektar å la seg kjøpa, skal leva.
28 Den rettferdige tenkjer før han talar,men vondskap strøymer frå munnen på urettferdige.
29 Herren er langt borte frå dei urettferdige,men han høyrer bøna frå dei rettferdige.
30 Strålande auge gleder hjartet,god bodskap gjev merg i bein.
31 Den som høyrer på rettleiing om livet,får plass blant dei vise.
32 Den som ikkje tek imot formaning, foraktar seg sjølv,den som lèt seg visa til rette, kjøper seg innsikt.