10 På kongens lepper er rette svar,han sviktar ikkje når han dømmer.
11 Rett vekt og vektskål er Herrens sak,kvart vektlodd i pungen er hans verk.
12 Kongar avskyr lovlaus gjerning,for ved rettferd skal trona tryggjast.
13 Ærlege lepper er til glede for kongen,han elskar den som talar rett.
14 Kongens harme ber bod om død,men ein vis kan stilla harmen.
15 Når kongens andlet lyser, er livet berga.Hans velvilje er som ei sky med vårregn.
16 Å kjøpa visdom er betre enn gull,å kjøpa innsikt er meir verdt enn sølv.