14 Kongens harme ber bod om død,men ein vis kan stilla harmen.
15 Når kongens andlet lyser, er livet berga.Hans velvilje er som ei sky med vårregn.
16 Å kjøpa visdom er betre enn gull,å kjøpa innsikt er meir verdt enn sølv.
17 Vegen for dei rettskafne er å venda seg bort frå det vonde,den som aktar på si ferd, tek vare på livet.
18 Stormod kjem føre samanbrot,hovmod føre fall.
19 Betre å vera audmjuk med dei fattigeenn å dela bytte med dei stolte.
20 Den som handlar forstandig, skal finna det gode,sæl er den som lit på Herren.