22 Den som har vit, har ei kjelde til liv,det er dumt å formana den dumme.
23 Hjartet til den vise gjer munnen hans klok,legg meir og meir lærdom på leppene hans.
24 Venlege ord er drypande honning,søte for sjela og sunne for kroppen.
25 Ein veg som synest vera den rette,kan likevel enda i døden.
26 Svolten får arbeidaren til å slita,hungeren driv han fram.
27 Eit vondsinna menneske grev opp vondskap,på leppene hans brenn det som eld.
28 Ein som er svikefull, valdar trette,den som baktalar andre, skil ven frå ven.