23 Hjartet til den vise gjer munnen hans klok,legg meir og meir lærdom på leppene hans.
24 Venlege ord er drypande honning,søte for sjela og sunne for kroppen.
25 Ein veg som synest vera den rette,kan likevel enda i døden.
26 Svolten får arbeidaren til å slita,hungeren driv han fram.
27 Eit vondsinna menneske grev opp vondskap,på leppene hans brenn det som eld.
28 Ein som er svikefull, valdar trette,den som baktalar andre, skil ven frå ven.
29 Valdsmannen lokkar sin nesteog fører han inn på ein veg som ikkje er god.