4 Herren skapte alt for eit føremål,jamvel den urettferdige for ulukkedagen.
5 Herren avskyr den som har eit hovmodig hjarte,når tida er inne, blir han straffa.
6 Med miskunn og truskap blir skuld sona,den som fryktar Herren, vender seg bort frå det vonde.
7 Den som går vegar som gleder Herren,får fred jamvel med fiendane sine.
8 Betre å ha lite med rettferdenn å få stor vinning med urett.
9 I hjartet tenkjer mannen ut sin veg,men det er Herren som styrer stega hans.
10 På kongens lepper er rette svar,han sviktar ikkje når han dømmer.