12 Det er betre å møta ei binne som har mista ungane sine,enn å møta ein dåre i hans dårskap.
13 Løner nokon godt med vondt,vik ulukka aldri frå huset hans.
14 Den som byrjar ein krangel, opnar for ein flaum.Hald opp før tretta bryt laus!
15 Å frikjenna ein skuldigog å dømma ein som har rett– Herren avskyr begge delar.
16 Kva hjelper pengar i handa på dåren?Kan han kjøpa visdom når han ikkje har vit?
17 Ein ven viser alltid kjærleik,ein bror er fødd til å hjelpa i naud.
18 Vitlaus er den som gjev handslagog kausjonerer for nesten sin.