21 Sorg får den som har ein dåre til son,far til ein narr har inga glede.
22 Glede i hjartet gjev god helse,mismot tærer på kroppen.
23 Den urettferdige tek imot gåver frå lommafor å vrengja rettens veg.
24 Den kloke har visdom for auge,dårars blikk flakkar til enden av jorda.
25 Ein uvitug son gjer far sin sint,er til beisk sorg for henne som fødde han.
26 Det er gale å gje ein rettferdig bøter,verre å slå stormenn fordi dei er rettskafne.
27 Klok er den som sparer på orda,den forstandige held hovudet kaldt.