4 Den som gjer vondt, lyttar til vonde tunger,løgnaren høyrer på skadeleg snakk.
5 Den som spottar den fattige, håner hans skapar,den som gleder seg over ulukke, slepp ikkje straff.
6 Barneborn er ei krone for dei gamle,og borna er stolte av fedrane sine.
7 Å bruka store ord sømer seg ikkje for ein dåre,løgn endå mindre for ein stormann.
8 Den som gjev stikkpengar, trur han har ein lukkestein,kvar han vender seg, går det han godt.
9 Den som dekkjer over eit feilsteg, legg vinn på venskap,den som ber det vidare, skil ven frå ven.
10 Åtvaring bit betre på den klokeenn hundre slag på dåren.