8 Den som gjev stikkpengar, trur han har ein lukkestein,kvar han vender seg, går det han godt.
9 Den som dekkjer over eit feilsteg, legg vinn på venskap,den som ber det vidare, skil ven frå ven.
10 Åtvaring bit betre på den klokeenn hundre slag på dåren.
11 Den som er vond, søkjer berre opprør,men eit nådelaust sendebod kjem imot han.
12 Det er betre å møta ei binne som har mista ungane sine,enn å møta ein dåre i hans dårskap.
13 Løner nokon godt med vondt,vik ulukka aldri frå huset hans.
14 Den som byrjar ein krangel, opnar for ein flaum.Hald opp før tretta bryt laus!