11 Rikmanns gods er hans faste borg,i hans tanke er det som ein vernande mur.
12 Før mannen fell, er han stolt i hjartet,føre ære går audmjukt sinn.
13 Den som svarar før han høyrer,er dum og haustar skam.
14 Motet held eit menneske oppe i sjukdom,men mismot, kven kan bera det?
15 Eit klokt hjarte kjøper seg kunnskap,vismenns øyre søkjer kunnskap.
16 Gåver opnar dørerog gjev tilgang til dei store.
17 Den som talar først i ei sak, får rett,til motparten kjem og spør han ut.