3 Kjem ein urettferdig, kjem forakt,og med skam følgjer spott.
4 Ein manns ord er som djupt vatn,og visdomens kjelde er ein bekk som vell fram.
5 Det er gale å halda med ein urettferdigog driva den rettferdige bort frå retten.
6 Dårens lepper valdar strid,munnen hans ropar etter riset.
7 Dårens munn blir hans undergang,leppene blir ei snare for han.
8 Ord frå ein baktalar er som lekre retter,dei glid ned i magen.
9 Den som forsømer arbeidet sitt,er bror til den som øydelegg.