11 Forstand gjer mennesket sein til vreide,det set si ære i å bera over med feilsteg.
12 Kongens sinne er som løvebrøl,hans velvilje er som dogg over graset.
13 Ein uvitug son er ei ulukke for far sin,kvinnetrette er som stadig takdrop.
14 Hus og eigedom er arv frå fedrane,ei forstandig kone er ei gåve frå Herren.
15 Latskap dyssar i søvn,den som er makeleg, må svelta.
16 Den som tek vare på bodet, tek vare på livet,den som ikkje bryr seg om kor han går, må døy.
17 Den som hjelper den fattige, låner til Herren,som vil løna han for det han har gjort.