19 Den som lèt harmen ta makta, må bera straffa;vil du berga han, må du gjera det igjen og igjen.
20 Høyr på råd og ta imot formaning,så blir du vis til slutt.
21 Det er mange tankar i menneskehjartet,men det er Herrens vilje som skjer.
22 Truskap er det ein ønskjer av eit menneske;betre å vera fattig enn ein løgnar.
23 Å frykta Herren gjev liv.Mett kan ein gå til nattekvileog vera trygg for det vonde.
24 Den late stikk handa i fatet,men får henne ikkje opp til munnen eingong.
25 Slå spottaren, så blir den vitlause klok,vis den vituge til rette, så får han større forstand.