2 Iver utan kunnskap er av det vonde,den som har hastverk, trør feil.
3 Eigen dårskap fører mennesket til fall,men hjartet rasar mot Herren.
4 Rikdom skaffar mange vener,den fattige mistar den venen han har.
5 Falske vitne slepp ikkje straff,dei som fer med løgn, går ikkje fri.
6 Mange smiskar for storfolk,alle er vener med den som gjev gåver.
7 Den fattige er forakta av alle sine slektningar,jamvel venene hans held seg unna.Han vil vinna dei med ord, men dei kjem ikkje.
8 Den som vinn seg innsikt, har livet kjært,den som tek vare på forstand, finn det gode.