20 Høyr på råd og ta imot formaning,så blir du vis til slutt.
21 Det er mange tankar i menneskehjartet,men det er Herrens vilje som skjer.
22 Truskap er det ein ønskjer av eit menneske;betre å vera fattig enn ein løgnar.
23 Å frykta Herren gjev liv.Mett kan ein gå til nattekvileog vera trygg for det vonde.
24 Den late stikk handa i fatet,men får henne ikkje opp til munnen eingong.
25 Slå spottaren, så blir den vitlause klok,vis den vituge til rette, så får han større forstand.
26 Den som plyndrar far sin, kastar ut mor si.Slik ein son gjev spott og skam.