7 Den fattige er forakta av alle sine slektningar,jamvel venene hans held seg unna.Han vil vinna dei med ord, men dei kjem ikkje.
8 Den som vinn seg innsikt, har livet kjært,den som tek vare på forstand, finn det gode.
9 Falske vitne slepp ikkje straff,dei som fer med løgn, går til grunne.
10 Det høver ikkje for dåren å leva i overflod,endå mindre for slaven å rå over fyrstar.
11 Forstand gjer mennesket sein til vreide,det set si ære i å bera over med feilsteg.
12 Kongens sinne er som løvebrøl,hans velvilje er som dogg over graset.
13 Ein uvitug son er ei ulukke for far sin,kvinnetrette er som stadig takdrop.