9 Falske vitne slepp ikkje straff,dei som fer med løgn, går til grunne.
10 Det høver ikkje for dåren å leva i overflod,endå mindre for slaven å rå over fyrstar.
11 Forstand gjer mennesket sein til vreide,det set si ære i å bera over med feilsteg.
12 Kongens sinne er som løvebrøl,hans velvilje er som dogg over graset.
13 Ein uvitug son er ei ulukke for far sin,kvinnetrette er som stadig takdrop.
14 Hus og eigedom er arv frå fedrane,ei forstandig kone er ei gåve frå Herren.
15 Latskap dyssar i søvn,den som er makeleg, må svelta.