1 Vinen er ein spottar,sterk drikk er ein skrålhals,vitlaus er den som ravar i rus.
2 Når kongen trugar, er det som løvebrøl,den som gjer han sint, set livet på spel.
3 Å halda seg frå trette er ei ære for mannen,den som er dum, yppar til strid.
4 Den late vil ikkje pløya om hausten,han ventar avling, men får inga.
5 Som djupt vatn er tankane i menneskehjartet,den som har vit, kan ausa av dei.