14 «Berre skrap», seier kjøparen,men når han går bort, er han fornøgd med seg sjølv.
15 Det finst gull og perler i mengd,men klok tale er eit sjeldsynt smykke.
16 Ta kleda frå den som har kausjonert for ein framand,ta dei i pant for dei ukjende!
17 Brød frå løgn smakar godt,men sidan fyllest munnen med grus.
18 Om ein held råd, lukkast planane.Legg planar før du fører krig!
19 Den som baktalar, røper det hemmelege,hald ikkje lag med den som er lausmunna!
20 Den som forbannar far sin og mor si,hans lampe skal slokna når mørkret kjem.