5 Som djupt vatn er tankane i menneskehjartet,den som har vit, kan ausa av dei.
6 Mange ropar om sin eigen truskap,men kvar finst den ein kan lita på?
7 Den rettferdige er heil i si ferd,heldige er borna etter han.
8 Ein konge som sit i dommarsetet,skil ut alt vondt med sitt blikk.
9 Kven kan seia: «Eg har halde hjartet reint,eg er reinsa for synd»?
10 To slag vekt og to slag mål, Herren avskyr dei begge.
11 Jamvel ein ung gut viser i handlingom det han gjer, er reint og rett.