21 Den som jagar etter rettferd og godleik,finn liv og rettferd og ære.
22 Ein klok mann kan storma ein by full av heltarog bryta byens sikre vern.
23 Den som aktar sin munn og si tunge,bergar sitt liv frå trengsler.
24 Den frekke og stolte skal kallast ein spottar,hovmodig og frekt fer han fram.
25 Det den late ønskjer, fører til død,for han vil ikkje arbeida med hendene.
26 Han ønskjer og ønskjer dagen lang,men den rettferdige gjev og sparer ikkje.
27 Avskyeleg er offer frå urettferdige,og endå meir når dei ber det fram med vondt i tankar.