3 Å gjera det som er rett og rettferdig,er meir verdt for Herren enn offer.
4 Stolte auge og hovmodig hjarte –lyset til dei urettferdige er synd.
5 Det den flittige planlegg, gjev vinning,men hastverk fører berre til tap.
6 Å skaffa seg skattar ved ei tunge som lyg,er ein flyktig pust hos dei som søkjer døden.
7 Lovlause blir drivne bort av si eiga valdsferd,for dei nektar å gjera det som er rett.
8 Skuldtyngd mann går krokete vegar,den som er rein, handlar rett.
9 Betre å bu i ein krok på taketenn å vera i hus med trettekjær kvinne.