9 Betre å bu i ein krok på taketenn å vera i hus med trettekjær kvinne.
10 Den lovlause har lyst til det vonde,han viser ingen nåde mot sin neste.
11 Når ein spottar får straff, blir den vitlause klok,når ein vis får lærdom, tek han kunnskapen til seg.
12 Den rettferdige legg merke til den lovlauses hus;han støyter dei urettferdige ut i ulukke.
13 Den som stengjer sitt øyre når den fattige skrik,skal sjølv ropa utan å få svar.
14 Ei gåve i løyndom mildnar vreide,stikkpengar i lomma stiller stor harme.
15 At ein gjer det rette,er ei glede for den rettferdige,men ei gru for dei som gjer urett.